Referater fra turer

Vårtur til Nes i Hardanger

Referent: Anders Lundberg

19-21. april 2024 hadde me tur til Nestunet i Kvam herad, like ved Mundheim. Me var 18 personar som deltok, og me budde i to hus i tunet, Idnestova og Stølen. Fredag og lørdag kveld var det felles middag, laga av to av våre dyktige kokkar, Sveinung (som laga bakalao) og Jan Erik (som laga Spagetti Bolognese). Det smakte fantastisk, og praten gjekk livlig rundt bordet i Idnestova. På og omkring Nes er det flott natur og velstelte kulturlandskap, alt i gangavstand. Fredag kveld hadde me sett opp ei lysfelle for å fange nattsvermarar, og lørdag morgon var me spente på å sjå om det blei noko fangst. Det hadde vore kaldt om natta, og nattsvermarar likar varme, men me hadde likevel to dyr som blei forsiktig flytta til stammen på eit tre slik at me kunne fotografere dei mot ein flott bakgrunn.

Eit hovudmål med turen var å fotografere paddene i Nesvatnet. Det kan vere 3-7000 padder i vatnet i april, og dei var der i år også. Den kalde nattetemperaturen gjorde at ikkje alle var framme, men det var nok av dei likevel, både i vatnet, på land og i små dammar like ved vatnet. Nokre dagar etter at me var der var ein paddeekspert på staden og talde. Han talde 400 hoer. Ein reknar at det er 5-7 hannar per ho, så det var kanskje omkring 3000 padder i vatnet då me var der. Alle fekk flotte bilde av paddene.

Padde på lur. Foto: Eli Sørensen.

Paddenes lysfest. Foto: Jan Helge Fosså.

Paddetreff. Foto: Per Ivar Bruvik.

Padder og paddeegg. Foto: Sveinung Klyve.

Padder i aksjon. Foto: Vigdis Tønnesen.

I Nesvatnet er det så mange padder at bonden, Kåre Nes (sitjande til venstre), har sett opp skilt! Foto: Anders Lundberg.

Ein stor attraksjon på Nes er Svineeika, ei kjempestor, hol eik. Den er freda som alle hole eiker. Svineeika blei i eldre tid brukt som grisehus, derav namnet. Det er ikkje mogeleg å datere tre som er hole, men alderen på Svineeika er kan hende 900 år eller så, kanskje meir. Den har ein stammeomkrins på om lag 13 m. På eika veks det også andre planter, som rogn, blåbær, sisselrot og mange mosar og lav. Den er også vertstre for den sjeldsynte soppen oksetungesopp. Den var ikkje framme då me var der, den var inne i treet og i jorda under.

Fotografering av nattsvermarar ved Svineeika. Foto: Anders Lundberg.

Ein annan attraksjon på Nes er førekomsten av blåveis. Den har ei austlig utbreiing i Noreg, og er sjeldsynt på Vestlandet. Me fann fleire små førekomstar som ble ivrig fotograferte.

Blåveis i motlys. Foto: Ole-Bjørn Lien.

I løpet av helga besøkte me ein flott furuskog. Nokre av trea er så gamle at skogen kvalifiserer som gammalskog. Alderen på nokre av furuene er datert med dendrokronologi, og den eldste spirte frå frø i 1812. Slike gammalskogar er svært sjeldsynte i landet. Dei er fulle av liv – mosar, lav, sopp, småkryp, insekt, fuglar og dyr.

Gammal furu med lengdefurer som kanskje er etter lynnedslag. Foto: Arne Bergo.

Kjuker. Foto: Astrid Bergo.

Torvmosar, verdas viktigaste torvprodusent, ein klimareddar. Foto: Torbjørn Helgesen.

Ein av turane gjekk til Hansvågen, gjennom flott furublandingsskog med furu og hassel, og nede ved sjøen fann me velutvikla svartorstrandskog, eit raudlista og truga naturtype i Noreg. Strandberga var av den sjeldsynte typen kalkstrandberg, og her såg me bergfrue og strandlauk, begge i tidleg stadium. Eit anna flott funn var oppdaginga av den sjeldsynte arten skjelrot.

Skjelrot. Arten manglar klorofyll, og snyltar på røtene til hassel, or og andre treslag. Den er sjeldsynt, og den kjem ikkje opp kvart år. I Hansvågen var den framme i år. Foto: Anders Lundberg.

Pollinering. Foto: Roald Anfinsen.

Gjengen framføre Idnestova. Foto: Anders Lundberg.

Takk til Anne og Kåre Nes for ei flott helg i Nestunet.

Tidligere artikler

2 kommentarer

  1. Helge Bringeland says:

    Det ser ut til å ha vært en flott tur. Et super referat var det også, med fine bilder. Synd jeg måtte reise på jobb og ikke fikk blitt med.

  2. Sissel Grønlund says:

    Gøy å lese om turen. Skal si dere legger ned litt av en jobb i referatene. Takk!
    Også så flotte bilder. Hadde vært artig å vite hva som er brukt til fotograferingen over og under vann samtidig 🙂 noen som kan svare?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *